Early morning in Prague

Trip Start Jul 05, 2008
1
2
8
Trip End Aug 18, 2008


Loading Map
Map your own trip!
Map Options
Show trip route
Hide lines
shadow
Where I stayed

Flag of Czech Republic  , Bohemia,
Sunday, July 6, 2008

Eg maa vera kort for taxien kjem snart og kjoere oss til togstasjonen. I gaar var fantastisk. Me naut utelivet i Praha til det nesten fulle! Det involverer ein feit halvnaken mann med flammar! Men no maa eg stikka!

Her kjem litt meir som eg skreiv i boka paa toget:

I Praha valgte me ein maxi-taxi inn til byen. Kanskje ein av dei faa fordelane med aa reisa i ein gruppe paa 10 personar! Hostellet, Clown and Bard, hadde eg, martin, even og oeyvind allereie kjend med fraa foer og det skuffa ikkje no heller. Men svoltne va me og me visste at stroeket rundt hostellet var billeg. Alt laag til rette for ein restaurant-start paa turen! I fjor aat me paa ein restaurant oppi gato som heitte Amsterdam, men den va dessverre veldig nedlagt.

Klokko va kvart paa 11 om morningen og det er ikkje akkurat prime time for restaurantar... Det endte med at me stod og venta utanfor ein restaurant i eit kvarter heilt til dei slengte ut doermatta! Store pastarettar til 25 norske og Pilsner Urquell til 8 er alltid ein suksess. Besetningen der gjekk rundt med reklame for Amundsen vodka! Skuffelsen va difor stor naar den viste seg aa vere ein slovakisk versjon...

Etter ein liten hoeneblund paa hostellet og litt konversasjon med andre gjestar, for d meste amerikanarar, gjekk eg, Vegar, Martin og Camilla ned i gatane rundt hostellet. Me satt oss inn ein plass og tok eit slag sjakk! Det er ikkje kvardags i ein bar! Vegar mot meg og Martin. I tillegg til at eg va daarleg hjalp det ikkje paa at eg og martin snakka hoeglytt om strategiane vaare.

Etterpaa endte me opp i hostel-baren der mange loffarar hadde samla seg. Ut paa kvelden ringte Christoffer. Han hadde funne den ultimate dungeon-restauranten. Der endte me opp med aa ta oss ein felles middag med trubadurar og flammeslukarar som selskap! Det maatte bli ein liten tur innom hostel-baren paa veg heim att og!
Slideshow Report as Spam

Use this image in your site

Copy and paste this html: