Atacama ørken, saltsjøar og Geysers del Tatio

Trip Start Oct 18, 2008
1
7
15
Trip End Nov 24, 2008


Loading Map
Map your own trip!
Map Options
Show trip route
Hide lines
shadow
Where I stayed
Hostal La Ruca

Flag of Chile  ,
Monday, November 3, 2008

Hotellet i Santiago hadde stelt i stand frokost som var klar kl 5 og drosje til flyplassen halv seks. Flyet landa i Calama (22° 28' 0" S, 68° 56' 0" W9) kl 10. Mens vi venta på bagasjen kom eg i snakk med eit tysk "intermideo" backpack-par - Birgit og Marcus og dette vart reisefølget dei neste to dagane.. Vi hoppa på ein minibuss som gjekk direkte til San Pedro de Atacama. Allereie før vi var framme, vart det tydeleg at no var vi komne til ein ny del av Chile. Kjørte ein time gjennom eit varmt og tørt ørkenlandskap der årleg nedbør er rundt 5 mm i året (mot Atacama som ligg nærmare Andes og har heile 40 mm)

San Pedro de Atacama som ligg pa 2450 moh og 30 km sør for den sørleg (Steinbukkens) vendesirkel 23,5°. Dette er ein småby med 3 gater på langs og 3 på tvers, ein mengde med hostales, turarrangørar,  pengeveklsekontor og restaurantar.  Klimaet er behageleg:: Rundt 10C om natta så aircondition er ikkje eit problem. Intens sol om dagen, men temperatur ein plass på 20-talet. Tørr luft gjer at ein eer tørr og fin og aldri merkar sveitte. Turistsesongen er no akkurat i ferd med å starte, så om kvelden kunne det vere køar for å få sin cena.

Vi brukte mandagen til å booke turar for dei neste dagane. Om kvelden traff eg også på ein senior tysk backpackar. Han hadde lagt sin elsk på denne byen og skulle om eit år pensjonere seg som husdokter i Tyskland og reise hist og opne praksis. Så kanskje eg skal opne turoperatør-kontor her (det er kun eit 20-tals frå før :-)

Ørken er utrulig mykje meir enn berre sand! Sjå bilda for dei 4 ulike utfluktene.
Slideshow Report as Spam

Comments

sigridovstaas
sigridovstaas on

What a trip
Det har vært fantastisk å følge med på turen din Halvor. Flotte bilder og fine beskrivelser av turene.
Tusen takk og nyt turen videre sammen med gjengen fra Norge. Sigrid

seniortrekker
seniortrekker on

Re: What a trip
Gratulerer Sigrid! Du er den foerste som har gidda aa gi meg en kommentar :-) enda eg no har brukt gudane vite kor mange timar og pesos paa aa laste opp bilde paa trege internett-kafe-linjer!

Det kjem ein overraskelse paa foerste bilde fraa Lima om ei stund

Add Comment

Use this image in your site

Copy and paste this html: